digital profilteikning av Amelia Lina Frances Antzée
Amelia

Amelia Lina Frances Antzée (fødd Trud Fagerheim) er musikar og tidlegare pianolærar. Ho jobbar no med kreativ informasjonsdesign — også kalla datavisualisering eller datadesign.

Amelia har også dansa argentinsk sosial tango og vore DJ på tangoeventar i mange år.

I tillegg til design, musikk og dans, likar Amelia kunsthistorie, arkitektur, reising og å lære språk. Ho er også glad i å grave seg ned i (enkelte gonger svært nerdete) emne!

Amelia bur for tida i Oslo.

Studio ALFA logo
Studio ALFA
Ikon for data, design, code, drawing, text, music.
Studio ALFA Design

Amelia Antzée driv informajonsdesign-byrået Studio ALFA Design (tidlegare Studio Antzée).

Avhengig av prosjektet, brukar Amelia ulike kombinasjonar av verktøy: data, design, kode, teikning, skriving og musikk (ikkje generativ KI). Dei tidlegare arbeida til Amelia er digitale, men ho ønsker òg gjerne å lage fysisk informasjonsdesign og utstillingar.

Denne nettsida er eit døme på Studio ALFA Design sitt arbeid. Ein portfolio med prosjekt kjem etter kvart. I mellomtida er det berre å ta kontakt med forespørslar!

Studio ALFA Design er open for prosjekt i Oslo eller remote.

CV og anbefalingar på LinkedIn; fullstendig CV på forespørsel.

Studio ALFA Musikk

Amelia har mange år med erfaring som pianolærar og frilans-pianist. Sjølv om ho ikkje underviser for tida, brukar ho musikkutdanninga si når ho dansar og DJ-ar for argentinsk sosial tango. Ho har vore DJ både lokalt og på internasjonale danseeventar i ulike europeiske land sidan 2014.

Kontakt

Spørsmål eller forslag til samarbeid? Ta kontakt med Amelia via kontaktskjemaet eller skriv ei melding på Bluesky, LinkedIn eller Hudd.

COPYRIGHT OG BEDRIFTSINFO

Webdesign og kode, alle bilde, logoar, ikon, overskriftfont "Amelia" samt tekst ©Studio ALFA Design — Amelia Lina Frances Antzée 2024–dags dato. Alle rettigheiter forbeholdt. Skrivemaskinfont "Erika Type" design ©Peter Wiegel 2010.

Studio ALFA Design og Studio ALFA Musikk er registrerte foretak i Brønnøysundregisteret.

Ingen cookies/trackers/analyseverktøy er sett i koden av Studio ALFA Design/Amelia Lina Frances Antzée. Nettstaden er publisert på GitLab Pages og hosta på Domeneshop. Studio ALFA Design/Amelia Lina Frances Antzée er ikkje ansvarleg for cookies/trackers/analyseverktøy som Gitlab og/eller Domeneshop måtte ha implementert i sin kode. Kontaktskjemaet er eit Google Forms-skjema. Ved bruk av kontaktskjemaet, gjeld Google sine retningslinjer for cookies/tracking/analyse.